Historikk

For snart 100 år sida skapte ei gruppe kunstnarar og ungdom knytte til Noregs Ungdomslag (NU) og Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) historie; dei etablerte Det Norske Teatret, og la grunnen for kunst- og kulturmøte i heile landet. Målet var å ta vare på og utvikle det språklege og kulturelle mangfaldet som regionane i Noreg stod for.

Hundre år etter stod Oslo og Noreg overfor ei stor utfordring: I 2007 var det få scenekunsttilbod som nådde fram til barn og ungdom med ein breiare kulturell bakgrunn enn norsk: Barne- og ungdomsteaterskulane hadde nesten ikkje medlemmer som hadde annen bakgrunn enn frå Noreg. Dei profesjonelle teaterskulane og scenene hadde ikkje ein underskog å rekruttere frå, og mange minoritetar er sjeldan eller aldri å sjå blant publikum på profesjonelle scener. Ein kunne hevde at teatra ikkje i tilstrekkeleg grad speglar det kulturelle mangfaldet i Noreg.

Det Norske Teatret

Bondeungdomslaget i Oslo

Noregs Ungdomslag