Om Den Mangfaldige Scenen

 

Den Mangfaldige Scenen tilbyr kurs, workshop og framsyningar av og med unge under rådgjeving av profesjonelle kunstnarar.

 

Den Mangfaldige Scenen (DMS) er eit barne og ungdomsteater der unge mellom 6 og 28 år får uttrykke seg, lære og skape teater.

Teatret tar utgangspunkt i den store og varierte kulturelle rikdommen som unge har med seg, og gi kvar enkelt høve til å ta i bruk og utvikle sine skapande evner i samarbeid med kunstnarar. Vi får fram nye uttrykk i møte mellom dei unge sine interesser og kulturarvar. Teatret vil vere ein plattform for framtidige kunstnarar.

Vi er eit  teater

– der kvar enkelt blir sett og respektert for at ”eg er den eg er”

– som opnar, frigjer og tek imot

– der ein tone, eit steg, ei rørsle, eit ord skaper eit møte

Årleg har tilbod til 150 unge. Medlemmene er frå alle kulturelle og sosiale miljø i Oslo. Dei unge er med på kurs og verkstader på skuletid, AKS-tid og i kveldsgrupper. Alle kurs ender i smindre eller større framsyingar på Nynorskens hus og andre scener, t.d Det Norske Teatret.

Er du interessert i å vere med? Er du interessert i bestille ei framsyning?

Ta kontakt med oss her