Team Teater – Sosial Ungdom

Ungdomsgruppa ”Team Teater” har i dette semestret lånt ut skodespelarane sine til fleire prosjekt. Eit av desse prosjekta er ”Sosial Ungdom”. Dette er ein skrive- og teaterverkstad der skodespelarane sjølve skal stå for utforminga av tekstmaterialet. Dei sceniske tekstane skal spegla dei tankane dei unge skodespelarane sjølve har om dei sosiale media. Prosjektet blir leidd av Morten Johannes Beyer Olaussen som óg er instruktør.