Nobelprisfeiring i Lillomarka
søn. 29. sep.
|Oslo kommune
Bli med på ein “litteratur-sti” skilta med utdrag frå boka Hundemanuskripta av Jon Fosse
Tid og sted
29. sep. 2024, 12:00 – 16:00
Oslo kommune, Oslo kommune, Norge
Om arrangementet
Hordalaget og Hardinglaget i Oslo, begge lag i Bygdelagssamskipnaden (BLS) og Noregs ungdomslag (NU), i samarbeid med Oslo mållag og Den mangfaldige scenen, inviterer til feiring av Nobelprisen i litteratur til sambygdingen Jon Fosse i Lillomarka søndag 29. september 2024.
Langs den blåmerka løypa mellom Solemskogen og Sinober er det laga ein “litteratur-sti” skilta med utdrag frå boka Hundemanuskripta av Jon Fosse. Skilta er utforma som hundar etter teikningar av barn ved Møllergata skole med påtrykt tekst frå forteljinga “Du og du”: Fjordahunden Olav besøker skogahunden Bård og dei møter to byhundedamer av det finaste slag. Korleis det går, får du vita om du blir med på vandringa som startar ved Evensætermyra der blåmerka løype (mot Sinober) tar av frå skogsvegen og inn til Hordahytta. Hordahytta ligg vest for Holåsmosen. Strekninga er ca. 3,5 km.
Statssekretær Even A. Hagen frå Kulturdepartementet vil opne den litterære stien kl. 12.00.
Ved Hordahytta…