Heime i Nynorsken
19. april var det premiere på Heime i Nynorsken på Det Vestnorske Teateret (DVT) i Bergen. Og over 1500 elevar i 5-7 klasse skal no få vere med på ei oppdagingsferd i huset og ei språkreise utvikla etter modell frå Ein dag i Nynorskens hus. Vi er svært glade for samarbeidet mellom DMS og DVT. Jon Werede Hope har debutert som regissør og saman med teatra og Liv Hege Skagestad utvikla framsyninga. Her Nicola Stephen som Amalie Skram, Lina Taule Fjørtoft som Hulda Garborg og Arno Toivo Sandberg som Jeppe på Bjerget. Sjå Heime i nynorsken | Bergen DKS (denkulturelleskolesekken.no) for meir informasjon.
Comentários