Nobelprisfeiring i Lillomarka
Den Mangfaldige Scenen har, saman med Hordalaget og Hardinglaget i Oslo (begge lag i Bygdelagssamskipnaden), Noregs ungdomslag og Oslo mållag, laga ein "litteratur-sti" for å feire Jon Fosse sin Nobelpris i litteratur. Stien er skilta med utdrag frå Hundemanuskripta, "Du å du" av Jon Fosse, og dei 26 skilta er forma som hundar har vore teikna av born frå Møllergata skule.
Feiringa finn stad 29. september og startar ved Evensetermyra kor den litterære stien blir opna av statssekretær Even A. Hagen frå Kulturdepartementet klokka 12:00. Stien førar så fram til Hordahytta kor tekstar av Jon Fosse vil bli framført av Melina Ismini Karantonis og Sukhpreet Singh frå Den Mangfaldige Scenen og skodespelar Gjertrud Jynge. Kulturarrangementet får musikalsk følgje av Andreas Ljones på Hardingfele og Shwan Wahed frå Den Mangfaldige Scenen på oud.
Melina går på vidaregåande skule kor ho studerar litteraturfordjuping og skriv poesi. Ho har heldt på med teater i 10 år. I dei siste årene har ho spilt på Den Mangfaldige Scenen og på Det Norske Teateret.
Singh jobbar dagleg i politiet som IT utviklar. Han elskar å vere skodespelar, noko han får jobbe med og utvikle seg som ved å vere ein del av Måndagsgruppa til Shwan Wahed på Den Mangfaldige Scenen.
Les meir om arrangementet her.
Comments